Fire næringsforumsbedrifter deltok på minikurs i sosiale medier med fokus på Facebook.

Kurshaldar var Erlend Hjelme. Han er utdanna dataingeniør, og driv firmaet Hjelme web som lagar heimesider. Han er også gründar av bedriftene Valldal Aktivitetspark og Valldal Naturopplevingar, og han delte sine erfaringar frå bruk av sosiale medier i desse bedriftene.

Vi tenkjer å arrangere fleire slike minikurs for næringsforumsbedriftene, og neste aktuelle tema vert bildebruk i marknadsføring. Korleis tek du gode bilder – og kva skal gode bilder innehalde/kommunisere?