Kurs i GDPR – nye personvernreglar

Laster Arrangement
  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Datasikkerheit er meir aktuelt enn nokon gong. På nyheitene kan vi høyre om alt frå mediegigantar til skular og kommunar som opplever at personopplysningane dei har samla inn hamnar på avveie. Dette er ikkje berre ei utfordring for individa som vert ramma, men også for bedriftene som får omdømmet sitt øydelagt og risikerer bøter i millionklassa.

 

GDPR er dei nye personvernreglane som endrar korleis alle bedrifter og organisasjonar i Norge jobbar. I samarbeid med Acando og Peder Songedal tilbyr Fjordhagen eit seks timars GDPR-kurs. Kurset er praktisk tilrettelagt og spesielt utforma for små og mellomstore bedrifter.

Alle bedrifter behandlar personopplysningar på ein eller annan måte – faktisk kan det vere fleire titals behandlingar berre for å utbetale lønn! Med GDPR vart krava til korleis desse behandlingane skal gå føre seg stramma inn, og for mange betyr dette ein heilt ny måte å tenkje datasikkerheit på. Datasikkerheit handlar ikkje berre om å beskytte personopplysningar, men også bedrifta sitt omdømme. Ei investering i å overhalde GDPR blir dermed ei investering både i sikkerheit og i bedrifta si framtid.

For å hjelpe bedrifter i gang, har Acando laga eit dagskurs i GDPR som tek for seg det du treng å vite for å komme i gang. Kurshaldar Peder Songedal har lang erfaring med å omstille store og små bedrifter for å overhalde GDPR, og vil gjennom teori og praktiske eksempel forklare kva GDPR dreier seg om og korleis bedrifter må tilpasse seg.

Program for kurset:

  • Kva er GDPR?
  • Korleis påverker dette meg?
  • Korleis veit eg kva som er tillatt?
  • Kva må eg dokumentere?
  • Kva er konsekvensane dersom lova ikkje vert halde?

Kurset vert halde tysdag 23.oktober i næringshagen i Valldal på møterom Grandane frå kl 09-15.

Kurspris per deltakar inkl. lunsj: næringsforumsbedrifter kr 2500, andre kr 3500

Bindande påmelding på epost til terese@fjordhagen.com innan måndag 22.oktober.