Laster Arrangement
Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Som eit ledd i kompetanseprogrammet for reiselivet arrangerer Innovasjon Norge i samarbeid med Visit Nordvest kurset Lokalmat – tilby betre matopplevingar med fokus på utemat.

Kurset går av stabelen på Woldstad gård i Isfjorden. Her får du verktøy og kunnskap du treng for å gi gjestane dine ein god og lønsam meny, samt innføring i generell økonomi og hygiene. Kurset har fokus på å bruke fleire norske råvarer, å utvikle menyvariasjon basert på sesong og har fokus på utemat.

Målgruppa er bedrifter som har matservering, inne som ute, som ein viktig del av opplevingstilbodet. Kurset går frå lunsj til lunsj med avgrensa plassar så det er «først-til-mølla» prinsippet.  Kurset kostar kr. 1500,- og overnatting kjem i tillegg. Påmeldingsfristen er 26.oktober. For meir info og påmelding, klikk her: Kurs i lokalmat