Laster Arrangement
Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Næringsforumet i Fjordhagen har hatt elektroniske infoskjermar i drift eit halvt års tid, og erfaringane er gode. Fjordhagen AS arrangerer eit minikurs for næringsforumsbedriftene der vi fokuserer på korleis ein skal lage gode infoskjermplakatar. Gode grep/huskereglar å tenkje på når det gjeld td. mengde tekst, bilder.

Vi har fått Gudvin Selsås frå Nordialog (leverandør av infoskjermsystemet) til å halde kurset, og han kjem til å vere med oss på Skype. Han vil på førehand gå gjennom alle plakatane vi har lagt inn i databasen så langt og gje oss tilbakemelding og gode eksempel på korleis vi kan gjere det. Vi skal også få litt informasjon om mulegheitene i systemet som vi ikkje utnyttar per i dag, td. bilder som dukkar opp på emneknagg#, youtube og vimeo-integrasjon.

Gudvin held minikurs frå kl 14-15, og det vert mulegheiter for å stille spørsmål og sitje att ei stund for den som ynskjer å ta teorien i bruk og lage plakat for si bedrift. Ta i så fall med pc og vi brukar PowerPoint som verktøy.

Meld frå på epost til terese@hjelmeweb.no om du kjem.