Laster Arrangement
Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Vi kan sjå tilbake på eit aktivt år i næringsforumet, der vi mellom anna har fått på plass Info-TVkanal med 14 elektroniske infoskjermar rundt omkring på næringsforumsbedrifter i kommunen. 6.desember hadde vi seminar med leverandør Nordialog og fekk tilbakemeldingar på korleis vi kan forbetre infoskjermplakatane våre. Desse tipsa er også relevante i marknadsføring generelt der blikkfang og bodskap er sentrale stikkord.

No er det snart nytt år og nye muleheiter. Vi legg også i år opp til å delta på messa Fritid i Ålesund. Messa går føre seg 14-15.april i Sparebanken Møre Arena og er eit samarbeid mellom Norddal kommune og næringsforumet. Kommunen er med og betalar standleige, og næringsforumet stiller med planlegging og standbemanning. Erfaringane frå i fjor var svært positive, messa var godt besøkt og vi fekk god kontakt med publikum. Målet i år er å få til ein endå betre og meir profesjonell stand.

Første næringsforumsmøte etter nyttår blir fredag 5.januar kl 14-16. Hovudtema for møtet blir planlegging av stand og deltaking på messa Fritid, men vi skal også diskutere vidare utvikling av www.norddal360.no og resten av aktivitetane i framlegget til handlingsplan som er sendt ut på epost til medlemsbedriftene.