Næringsutviklingskonferanse for nye Fjord kommune

Laster Arrangement
  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Fjord kommune skal ha ei tydeleg satsing på næringsutvikling. I arbeidet med å meisle ut ein god næringslivspolitikk, ynskjer ein å involvere både næringsliv, innbyggjarar og lokalpolitikarar. Derfor vert næringsdrivande og næringsorganisasjonar i  Norddal og Stordal inviterte til næringslivskonferanse for nye Fjord kommune i Grendasalen i Stordalshallen tysdag 28.august kl 17-21.

I løpet av konferansen ynskjer ein å få svar på «Kva er dei fem viktigaste føresetnadane for å lykkast med ei positiv næringsutvikling i Fjord kommune? 

Fem innleiarar vil gje sine synspunkt på dette, og det vil bli god tid for bedriftene til å kome med sine innspel i arbeidsøkta etter innlegga. Til slutt vil det også bli ei arbeidsøkt med fokus på korleis det vidare arbeidet med næringsutvikling i Fjord kommune bør leggjast opp.