Valldal skule arrangerer Innovasjonscamp 2018!

Laster Arrangement

Fredag 13. april startar årets Innovasjonscamp på Valldal skule. Her skal 8-9. klasse bryne seg på oppgåver som dei får frå lokalt næringsliv. Dette er eit ledd i samarbeidet mellom skule og næringsliv, og ein måte å gjere elevane kjende med lokale bedrifter. Onsdag 18. april skal løysingsforslaga presenterast for ein jury, og vinnargruppa får delta på regionfinalen for Sunnmøre 6. juni!Vi gler oss til å følgje elevane i prosessen!