Vår kjære rådgjevar går over i ny jobb frå august, og vi søkjer etter hennar etterfølgjar.

Fjordhagen AS er eit næringsutviklingsselskap som hjelper med oppstart og vidareutvikling av bedrifter. Vi tek også på oss nærings- og samfunnsutviklingsprosjekt, og vi driftar Fjordhagen næringsforum. Vi held til i næringshagen i Valldal, eit flott kontorfellesskap med mange bedrifter som er engasjert i innovasjon og næringsutvikling.

Vi søkjer deg som har kompetanse på og engasjement for bedrift- og næringsutvikling. Lokal tilknyting til området er ein fordel.

Søknad sendast på epost til terese@hjelmeweb.no innan 2.juli. Spørsmål kan rettast til dagleg leiar Terese Jemtegård Moen, tlf 928 05 659.