Elektroniske infoskjermar

Elektroniske infoskjermar

Bedriftene i Fjordhagen næringsforum har gått saman om å få opp 14 elektroniske infoskjermar rundt omkring på bedrifter i kommunen, systemet var klart til påska 2017 og har fungert godt. Bedriftene såg behovet for å få informert eigne, og kvarandre sine kundar om kva som finst av aktivitetar, arrangement, tenester og tilbod. Fjordhagen AS administrerer systemet.

For å få annonse på skjermen må bedrifta vere medlem i Fjordhagen næringsforum (2000 kr + mva per år), også betalar bedrifta 750 kr + mva per år for å vere synleg med annonse (10 sek visning i ein reklamerull). Utvalde eksterne annonsørar har også mulegheit til å få synlegheit, ta kontakt med Fjordhagen AS for tilbod.

Gjennom sponsing vi har fått frå Sparebanken Møre, så er det muleg for frivillege lag og organisasjonar i Norddal å få lagt ut informasjon om sine arrangement og aktivitetar på skjermane. For å få lagt ut informasjon treng vi at de lagar infoplakat i PowerPoint og sender på epost til terese@fjordhagen.com Har de ikkje tilgang til pc/powerpoint kan også Frivilligsentralen hjelpe til å lage plakat.

 

2017-12-21T12:04:00+00:00