Valldal Aktivitetspark AS og Valldal Naturopplevingar AS er to av dei største tilbydarane av naturbaserte aktivitetar på Sunnmøre. Saman søkjer dei no SoMe-ansvarleg, ein perosn som ansvarleg for sosiale media gjennom ein hektisk sommarsesong. Stillinga er sesongbasert frå mai til august med sjanse for vidare engasjement på deltid, og vil derfor passe godt for studentar. Oppstart etter avtale.

Det er ynskjeleg å tilsette ein person som har stor forståing for strategisk bruk av sosiale media, og som kan arbeide sjølvstendig under gitte rammer. I det daglege skal det produserast, redigerast og presenterast innlegg som kan skape merksemd og engasjement på sosiale media.

Les meir om stillinga her
http://valldal.no/jobb-sosiale-media/