Om Oss

Vi er eit næringsutviklingsselskap som hjelper med oppstart og vidareutvikling av bedrifter. Vi tek også på oss nærings- og samfunnsutviklingsprosjekt. Vi held til i næringshagen i Valldal, eit flott kontorfellesskap med mange bedrifter som er engasjert i innovasjon og næringsutvikling.

Statusrapport universell utforming fjordhagen.com

Tor Erik Standal

DAGLEG LEIAR

Tor Erik tok til som dagleg leiar i Fjordhagen AS 13. oktober 2023. Han har tidlegare vore direktør i Atlanterhavsparken

Saman med dyktige medarbeidere og eit kompetent styre har han dei siste 12 årea leia Atlanterhavsparken frå å vere nordvestlandet sitt akvarium, til å bli ein nasjonal institusjon innan formidling av kunnskap om livet i havet. Atlanterhavsparken har blitt eit av regionen sine fremste flaggskip innan kultur og reiseliv med eit solid økonomisk fundament med årlige solide resultat. Dette har skjedd gjennom ei rekkje gode samarbeidsavtaler med ulike aktørar innen det offentlige, næringslivet, utdannings- og forskningsinstitusjoner.

Som hytteeigar i Fjørå gjennom mange år har han eit tett og nært forhold til Fjord kommune. Han har også ei datter med familie som har etablert seg i bygda.

Gjennom å vere styreleiar i VIRKE Reiseliv og Opplevelser har han spesielt følgd godt med på utviklinga av reiselivet i kommunen. Gjennom eit tett samarbeid med Hofseth International mht visningssenter ved Atlanterhavsparken og visningsanlegget på Vindsneset har han følgd deira arbeid og planar framover i kommunen på nært hald.

Britt Skjong

BEDRIFTSUTVIKLAR

Britt har vore tilsett i 100% stilling som bedriftsutviklar sidan 2020. Britt kjem frå Valderøya i Giske Kommune.
Britt har utstrekt erfaring frå leiande stillingar i ulike firma i fleire bransjar. Ho har eit stort engasjement for entreprenørskap og innovasjon, og ho har hatt styreverv i Innovasjon Norge. Ho har utdanning innan reiseliv og har spesielt stor interesse for lokalmat, konseptutvikling og profilering av reiselivsbedrifter i vår region. Kreativ skriving, foto og historieforteljing er områder ho leverer på til bedrifter som ønsker hjelp til dette.

Britt har vore direktør ved Radisson Blu Hotel i Ålesund, og ho var en av to grundere av restaurantkonseptet Lets eat Deli. Dei siste 10 åra har Britt arbeidd med økonomistyring innan ulike næringar som lakseoppdrett, eigedomsutvikling, og sist innan maritim verkstadindustri.
Utdanninga til Britt er Bachelor i Hotel, Restaurant & Tourism Mgmt., frå Golden Gate University i San Francisco.

Eigarar

  • SIVA Selskapet for industrivekst SF

  • Tafjord Kraftprodukjon AS

  • Norddal Kommune

  • Sparebanken Møre

  • Muritunet AS

  • Magne Alstadsæter

  • Per Roar Alstadsæter

  • Torkjell Døving

  • H.L. Muri AS

  • Indre Sunnmøre Forsøksring

  • Kjetil Kvammen

  • Norddal Reiselivslag

  • Norddal Rekneskapskontor

  • Nord-Vest Revisjon AS

  • Placement AS

  • Kjell Martin Rønning

  • Storfjord Bladlag

  • Storfjord Landbrukstenester

  • Valldal Grønt AS

  • Valldal Kailag AS

  • Jan Bredesen

  • Rune Sæther

  • Valldal Naturopplevingar AS

  • Else Ragni Ytredal

Styreleiar

  • Gert Rietman. Placement AS

Styremedlem

  • Erlend Hjelme. Valldal Aktivitetspark AS

  • Jan Erik Vad, Simek AS

  • Kirsti Pernille Indreeide, Stolte Anton AS

  • Inga Martine Muri, H.L Muri AS

Varamedlem

  • Siri Katrin Økalan, Nilgarstunet AS

  • Vigdis Hove Øie, Pedro Eiendom AS

  • Ole Stavdal Vikenes, Blåtind hotel AS