Kirsti Indreeide tek til som rådgjevar ved Fjordhagen AS frå 4.september. Ho er tilsett i 60% stilling og kjem i utgangspunktet til å vere på jobb tysdagar-torsdagar. Vår tidlegare rådgjevar Ingunn Linge Valdal har gått over i ny stilling som lærar ved Eidsdal skule.

Vi takkar Ingunn for den gode innsatsen som rådgjevar i Fjordhagen AS sidan 2007, ynskjer henne lukke til i ny jobb, og gler oss til å få Kirsti på plass frå neste veke.