Det vert i desse dagar gjort siste finpuss på søknad til Møre og Romsdal fylkeskommune om midlar til eit forprosjekt for utvikling og verdiskaping av pilegrimsleia frå Valldal til Dovre – Valldalsleia.

Valldalsleia (Pilegrimsleia frå Valldal til Dovre) vart formelttatt opp i «Den norske pilegrimsleia» 6.september 2015. Meir om Valldalsleia kan du lese på pilegrimsleden.no Skiltinga langs leia er på plass, men her er eit stort potensiale for vidareutvikling og verdiskaping langs leia. Forprosjektet ynskjer å planlegge tilrettelegging- og verdiskapingstiltak på seks viktige stader langs Valldalsleia. Desse tiltaka skal vere med å utvikle og auke verdiskapinga langs heile strekninga frå Valldal til Dovre.

2. og 3.november skal Fjordhagen AS delta på Jubileumskonferanse for Pilegrimsleden på Oppdal. Konferansen byr på ulike tema knytt til dei fire grunnpilarane i satsinga; kyrkje, kultur, næring og miljø. Det blir tilbakeblikk på dei 20 åra pilegrimsleden har vore i drift, gjort opp status for kvar ein er i dag og sjå framover – kvar går vegen vidare? Meir om konferansen kan ein lese her.