Sykkelnettverkssamling

Sykkelnettverkssamling

Torsdag 19.januar var ? gründarar og samarbeidspartnarar samla til sykkelnettverkssamling på Blåtind i Stordal. Dette er del av eit prosjekt for å mobilisere gründarar og næringsliv til å satse på sykkelturisme. Hoppid.no-kontora i Norddal, Stordal, Stranda og Sykkylven samarbeider om dette og har fått finansiering frå Møre og Romsdal Fylkeskommune til forstudieprosess for å mobilisere gründarar og kartlegge mulegheiter.

Tom Skrede frå Destinasjon Ålesund & Sunnmøre presenterte kva som blir gjort innan marknadsføring av sykkelopplevingar i dag. Lars W Jensen frå opplysningskontoret for terrengsykling og prosjektet Tråkk`n roll i Hallingdal delte erfaringar frå eigne prosjekt og arbeid med planlegging og tilrettelegging av sykkelløyper. Ann-Helen Blakset frå Visit Nordfjord snakka om korleis dei hadde gått fram for å få til forankring mot grunneigarar og kommune og delte erfaringar frå eigne prosjekt. Synnøve Aabrekk frå NCE Tourism fortalde om kva NCE Tourism kan bistå med i ei sykkelsatsing, og kom med forslag til vidare prosess. Til slutt i samlinga var det arbeidsøkt gruppearbeid for å kartlegge eksisterande og mulege nye stiar/vegar, og forslag til tiltak, samarbeidspartnarar, og utfordringar som må løysast.

Styringsgruppa tek no tak i utforming av eit forprosjekt vidare satsing og masterplan for satsing på sykkelturisme i dei fire kommunane.

2017-04-26T20:44:02+00:00