Stranda, Norddal, Stordal og Sykkylven kommunar har eit stort potensiale for å legge betre til rette for, og utnytte verdiskapingspotensialet som ligg i sykkelturisme i Storfjord-området. Hoppid.no-kontora i Norddal, Stordal, Stranda og Sykkylven ynskjer difor å satse på grundermobilisering innan sykkelturisme gjennom å etablere eit sykkelmobiliseringsnettverk.

Det er etablert eit fellesforum aktuelle tilbydarar av tenester/aktivitetar innan sykkelturisme i området med to samlingar per år der vi matchar/inviterer potensielle samarbeidspartnarar. Det har også vore gjennomført studietur til ein sykkeldestinasjon (Trysil).

 

Prosjektplan (PDF)

Sluttrapport (PDF)