Har du ein innovativ ide som kan skape nye, lønnsame arbeidsplassar og eit betre tilbod til befolkninga i ei distriktskommune? Eller ein innovativ forretningside med ambisjonar om betydeleg vekst og mulegheiter for å lukkast i ein internasjonal marknad? Innovasjon Norge har ei eiga mentorteneste for gründerar. Dette er eit tilbod om råd og sparring med ein erfaren  mentor, for å gjere det enklare å starte opp. Innovasjon Norge finn ein passande mentor for deg, som gir deg personleg rettleiing og oppfølging i ein-til-ein samtalar over ein periode på 2-18 mndr. Her kan du få hjelp til å ta dei rette strategiske vala for di bedrift. Tilbodet består av eit tilskot som gründer skal bruke til å betale mentor eit honorar med. Timeprisen er fast (sjå i linken nedanfor) og oppdraget kan ha ei varigheit på anten 30 eller 100 timar.  For meir informasjon, klikk her: Mentorteneste for gründerar