Laster Arrangement
Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Etter ein lang og god prosess med planlegging og forankring så er det no klart for realisering av byggjetrinn 1 i tettstadutviklingsprosjektet for Valldal sentrum.

Fjord kommune har sett av 2 036 000 kr, og søknad er sendt til Møre og Romsdal fylkeskommune om same beløpet. For å få utløyst støttemidlane frå fylket må det samlast inn 1 864 000 kr frå private bidragsytarar/næringsliv/lag/organisasjonar. Heilt frå starten av prosjektet har både fylket og næringslivet vore representert i prosjektgruppa saman med kommunen og Fjordhagen AS. Fjord næringsforum har hatt to representantar i prosjektgruppa, og næringsforumet tek no ansvar for å samle inn støtte frå private bidragsytarar gjennom Fjordhagen AS som administrerer næringsforumet.

Dersom vi klarar å få på plass 1 864 000 kr innan 11.september 2020 vil tiltaka i byggjetrinn 1 vere realisert innan sommarsesongen 2021.

Sjå presentasjon av prosjektet her!

Vi håpar både innbyggjarar, bedrifter, besøkjande og lag/organisasjonar vil vere med å bidra i innsamlinga som skal gjere kommunesenteret Valldal sentrum meir attraktivt, innbydande og skape

  • Auka trivsel og livskvalitet for innbyggjarar og tilreisande
  • Betra tryggleik for gåande
  • Auka bruk av sentrum
  • Auka omsetning for verksemder både i sentrum og resten av området rundt

Vi inviterer til «innsamlingsavspark» 5.september kl 16 på Martin Linge-huset for å presentere prosjektet grundig, kva som skal gjerast, og dei bidraga som har kome inn så langt.

På grunn av smittevernstiltak er antal deltakarar på møte 5.september begrensa til 80 personar, og for å delta må de melde dykk på med namn og tlf.nr innan fredag 4.september til terese@fjordhagen.com eller sende sms til 92805659.

Vil du bidra?

Valfritt beløp kan betalast inn på konto nr 3910 69 68067 (eigen innsamlingskonto oppretta av Fjordhagen AS) eller Vippsast til Fjordhagen AS #111168. Merk innbetalinga «Gåve til tettstadutvikling Valldal sentrum»

Alle bidrag som er komne inn innan 4.september vil bli presentert på møtet dagen etter.

Har du ikkje høve til å møte på møte eller har spørsmål om prosjektet er det berre å ta kontakt med Fjordhagen AS, så vil du få tilsendt informasjon.

Fjord næringsforum v/Fjordhagen AS

Tlf 928 05 659

Epost terese@fjordhagen.com

Det er oppretta ei eiga facebookgruppe «Innsamling tettstadutvikling Valldal sentrum» og meir informasjon om prosjektet finn de også på www.fjord.kommune.no og www.fjordhagen.com