Laster Arrangement
Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Bedriftene i «Marknadssamarbeid Valldal» inviterer med dette til lansering av den nye Valldalsfilmen. Filmen er resultat av eit marknadsføringssamarbeid som fem Valldalsbedrifter har gått saman om; Valldal naturopplevingar AS, Valldal Aktivitetspark AS, Valldal Fjordhotell AS, Meretes Garden og Kulå Bowling AS

Desse bedriftene har lyst å satse vidare på heilårs besøksnæring og er på jakt etter lokale samarbeidspartnarar med same målsetting. Fjordhagen næringsforum inviterer difor bedrifter og samarbeidspartnarar i Fjord kommune og Liabygda til nettverksbygging for å bli betre kjent med kvarandre sine bedrifter, produkt og utviklingspotensiale. Fjordhagen har søkt og fått midlar frå kulturbyggingsfondet i Fjord kommune til dette arrangementet.

Program:

  • Velkomen til Kulå bowling v/Lena Hungnes
  • Kort intro om Fjordhagen næringsforum v/Terese Jemtegård Moen
  • Orientering om «Marknadssamarbeid Valldal», tankar for satsing på heilårs besøksnæring, og premiere Valldalsfilm v/ alle verksemdene i Valldalssamarbeidet
  • Produktutvikling for heilårs besøksnæring v/Tom Skrede, Destinasjon Ålesund&Sunnmøre
  • Speed-networking – alle får 2 minutt til å presentere seg for kvarandre
  • Pizzabuffet og mingling. Kulå har ope til kl 17.

Påmeldingsfrist 4.mars

Det kostar ikkje noko å delta, men grunna matservering ynskjer vi påmelding til terese@hjelmeweb.no innan måndag 4.mars.

Håpar å sjå dykk! Velkomne skal de vere!