Laster Arrangement
Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

”Pakking, distribusjon og salg” er eit kurs med målsetting om å gjere deg i stand til å sette saman attraktive produktpakkar, oppnå resultat i salsarbeidet og bidra til ein breiare og meir kostnadseffektiv distribusjon reiselivsproduktet ditt. Kurset vert tilpassa deltakarane sine eigne utfordringar når det gjeld spørsmål som kva produktpakkar som sel, korleis ein kan få fart på salet og kva distribusjonskanalar som er dei rette for deltakarane sine produkt – både i det nasjonale og i dei internasjonale marknadane.

Tema som vert tatt opp på kurset: Kva vert etterspurt for komeanse sesong, verdikjeda i reiselivet, nettoprising, relasjonssal, salskampanjer, produktpakking i 6 steg, attraktive produktpakkar, distribusjonskostnadar, turproduksjon og Pakkereiselova.

Kurset passar for alle reiselivsbedrifter og opplevingsprodusentar innan kultur og reiseliv.  

Hovedfokus i kurset er å produsere pakkar for sal, ikkje som ei øvinge, men med hensikt å sette saman attraktive pakkar som skal seljast. Kurset er eit lunsj til lunsj kurs med ein oppfølgingsdag ca 1 mnd etter dei to første kursdagane. Kurshaldar er Børre Berglund med samarbeidspartnarar.

Kurset går føre seg på Scandic Parken Hotel i Ålesund 5.-6.februar samt 7.mars 2019

Pris: eigenandel 1500,- per deltakar.

Overnatting (sgl. rom 850,- per rom inkl. frokost) og reise kjem i tillegg og betalast av kvar enkelt deltakar.

Påmelding her

Meir informasjon/ved spørsmål, ta kontakt med Oddhild Breivik i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre

Mob.: +47 975 47 713

oddhild.breivik@visitalesund.com