Laster Arrangement
Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Norddal kommune inviterer næringslivet og andre aktuelle interessentar til presentasjon av filmprosjekt for spelefilm om Martin Linge måndag 29.oktober kl 13 i kultursalen på Martin Linge-huset.

Øystein Wiik, Nicolay Wiik og Helge Hjelle kjem til Valldal for å presentere filmideen om historia om Martin Linge fortalt som spelefilm. Dei vil orientere om korleis produksjonsprosess og kreativt arbeid går føre seg med eit stort prosjekt som dette. Dei vil også presentere sjølve dramaet, vinklinga av historia for å få fram mennesket og krigshelten Martin Linge, viktigheita av det som skjedde og konsekvensar lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Ambisjonen er å skape ein knakande god og medrivande spelefilm for ein nasjonalt og internasjonal marknad og publikum. Vi vil få dokumentasjon på kva synergieffekter og ringverknader dette vil gje regionalt på bakgrunn av liknande gjennomførte prosjekt.

Spelefilmen om Martin Linge burde vere av interesse for næringslivet i vår region, både fordi det vil bringe arbeidsplassar og business under sjølve filminga, men også med tanke på den merksemda ein slik film vil gje regionen både i inn og utland. Det å finne investorar eller sponsorar regionalt vil vere eit viktig signal både inn til Nordisk Film og Filminstituttet. Nordisk Film vil vere hovudprodusent og ta ansvar for prosjektet så snart det er i gang.

Påmelding til terese@hjelmeweb.no innan fredag 26.oktober