Laster Arrangement
Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Konferansen er den første i sitt slag, og skal vere ein fagleg og inspirerande arena for nettverksbygging, infrastrukturarbeid og verdiskaping langs pilegrimsleia Valldalsleia frå Valldal til Dovre. Målgruppa er næringsdrivande, potensielle gründarar og grunneigarar langs heile leia. Vi inviterer også samarbeidspartnarar som aktørar frå Kystpilegrimsleia, kommunar, fylkeskommunar, kyrja, DNT og lokale og regionale media.

Norddal kommune og Fjordhagen AS er no godt i gang med forprosjekt for utvikling og verdiskaping langs Valldalsleia. Prosjektet er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Vi har fått til eit spennande program, der vi både skal få faglege og inspirerande innlegg, god mat, og ei vandring langs Pilegrimsleia med omvisning undervegs. Konferansen vert avslutta med ei arbeidsøkt med idemyldring  på mulegheiter og potensiale for verdiskaping. Sjå detaljert program her.

Konferansen er gratis. Påmelding til terese@hjelmeweb.no innan 11.juni