Laster Arrangement
Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Norddal kommune har fått midlar til eit forprosjekt for utvikling og verdiskaping langs Valldalsleia, pilegrimsleia frå Valldal til Dovre. Denne kvelden kan du få meir kunnskap om kva pilegrimsleia er – for kven – og korleis den kan utviklast.

Program for kvelden:

Kl 1800                 Velkomen v/ordførar og konferansier for kvelden, Arne Sandnes

Kl 1815                 Valldalsleia – verdiar og mulegheiter v/Nils Øveraas, generalsekretær i Den Norske Turistforening

Kl 1845                 Pilegrimen i dag og Olav som helgen for fleire religionar v/Ingeborg Midttømme, biskop i Møre og Romsdal bispedømme

Kl 1915                 Jordbærstova serverer pilegrimsknoke med ovnsbakte rotgrønsaker og heimelaga potetmos av Valldalspotet. Det blir jordbærkake til dessert.

Kl 2000                 Myteknusing om Heilag Olav v/Morten Gravdal, sokneprest i Norddal

Kl 2015                 Presentasjon av Valldalsleia v/Hans-Jacob Dahl frå Pilegrimssenter Dovrefjell og representant for Nasjonalt Pilegrimssenter i Trondheim.

Kl 2100                 Vel heim!

Gratis deltaking! Påmelding til terese@hjelmeweb.no eller sms til 92805659 innan fredag 18.mai på grunn av matservering.