Fjord næringsforum v/Fjordhagen AS tok i vår initiativ til å få til ei «handle-lokalt-kampanje» etter  innspel frå fleire av våre medlemsbedrifter. Målsetninga er å vise mangfaldet av tilbod vi har i området, samt understreke viktigheita av å nytte seg av desse tilboda for at dei skal kunne eksistere inn i framtida også.

Prosjektet har fått tilskot frå næringsfondet i Fjord kommune, og filminga er gjennomført av HL Media i Ålesund. Dette er ein kampanje for handelsbedrifter i Fjord kommune, der flesteparten er ein del av næringsforumet. Her på heimesida til Fjordhagen AS finn de informasjon om både næringsforumet og alle medlemsbedriftene.

Filmen blir publisert på Facebook og på infoskjermane på næringsforumsbedrifter rundt om i Fjord kommune. Vi ønsker hjelp frå så mange som råd til å dele den gode bodskapen!