Fjordhagen søkjer engasjert forretningsutviklar til 60% stilling som rådgjevar! Som rådgjevar vil du få ein variert arbeidskvardag med stort ansvar for bedriftsutvikling på indre Sunnmøre. Du blir ein del av eit tverrfagleg kontorlandskap der forholda ligg til rette for kompetansedeling og samarbeid.

Vi søkjer deg som er interessert i forretningsutvikling og som brenn for rådgjevarfaget. Vidare har du stort samfunnsengasjement, og er spesielt interessert i bygdeutvikling. Det er moglegheit for større stillingsprosent på sikt, du vil få vere med å bestemme nye satsingsområde. Vi ønskjer deg som har stor vilje og motivasjon, og som vil vere med å vidareutvikle Fjordhagen sitt forretningskonsept.

Les stillingsannonsen og søk på stillinga her.

Søknadsfrist er 29.november.