I 1030 fall Olav Haraldsson i slaget på Stiklestad og året etter vart han helgenkåra i Nidaros. Desse dramatiske hendingane blei starten på en ny tid og etterlot seg ein viktig arv som det norske samfunnet byggjer på.

Tusen år med historie gir tusen historier å fortelle. Det er mange stader i Norge med band til olavsarven og fleire stader arrangerer eigne jubileer fram mot 2030.  Saman vil vi feire at Norge har bestått som rike i 1000 år. På den måten kan vi bli betre kjent med Olav, med Norge og med kvarandre – og skape gode opplevingar på vegen.

Olav reiste gjennom Valldal då han rømte frå Norge til Russland i 1029. Derfor har vi spesielt mange Olavsminne her, og vi skal feire tusenårsjubileum i 2029 med «Folketradisjon» som hovedtema.

Her finn du oppdatert informasjon om Nasjonaljubileet 2030 og dei ulike stadane som arrangerer jubileum fram mot 2030.