Britt Skjong er tilsett i 50% stilling som bedriftsutviklar frå 15. desember 2020. Britt bur i dag i Ålesund, og er opphavleg frå Valderøya i Giske Kommune.

Britt har godt innsyn i næringslivet gjennom mange år i leiande stillingar i ulike firma og fleire bransjar. Ho har eit stort engasjement for entreprenørskap og innovasjon, og har vore del av ulike leiargrupper, og hatt styreverv i Innovasjon Norge.  Ho har eit stort engasjement for reiselivet og for nærområdet vårt, og spesielt stor interesse for lokalmat og konseptutvikling.

Britt har bred erfaring frå ulike ledande stillingar, både innan reiseliv og andre bransjar.    Ho har vore Hotelldirektør ved Radisson Blu Hotel i Ålesund, og var en av to grundere av restaurantkonseptet Lets eat Deli. Dei siste 10 åra har Britt arbeidd med økonomistyring innan ulike næringar som lakseoppdrett, eigedomsutvikling, og sist innan maritim verkstedindustri.

Utdanninga til Britt er ein bachelorgrad i Hotel, Restaurant & Tourism management, frå Golden Gate University i San Francisco.

Ved sidan av jobben som bedriftsutviklar i Fjordhagen AS,  skal ho også fortsette med bedriftsrådgjeving i eigen regi.