Torsdag 5.september til laurdag 7.september vart det arrangert workshop i tettstadutvikling i Valldal sentrum. Det var Norddal kommune i samarbeid med Arkitektgruppa Cubus som sto bak arrangementet, medan Fjordhagen var med som tilretteleggjar. Tettstadutviklingsprosjektet har to hovudområde, Syltegata og torget på hamna. Det vart dei to første dagane invitert grunneigarar og næringsdrivande i dei aktuelle områda, før det på laurdag vart avslutta med open dag alle nysgjerrige og engasjerte. I løpet av arrangementet kom det mange gode tilbakemeldingar som det skal byggjast vidare på. Neste steg i prosjektet blir å kome fram til ei detaljert skisse basert på desse innspela og å deretter utvikle konkrete budsjett og framdriftsplanar.