Kjære bedrifter og gründarar i Fjord kommune!

 

På vegne av ordførar i Fjord kommune sender vi med dette ut følgjande oppmoding og ønske om at de deltek i spørjeundersøkinga som kommunen har laga for å få innspel til arbeidet med næringsplan:

 

«Fjord kommune er no godt i gang med å utarbeide planar for korleis vi skal legge til rette for ei god utvikling av den nye kommunen.

Ei positiv næringsutvikling er svært viktig for busetnad, folketalsutvikling og tenesteproduksjon. Men for at vi skal bli skikkeleg gode på å legge til rette for ei positiv næringsutvikling, er det nødvendig for oss å vite kva du meiner er viktig for alle som enten driv næring her i dag – eller som har planer om å starte næringsverksemd i kommunen i framtida.

Du vert no invitert til å svare på ei spørjeundersøking,  nettopp fordi vi meiner du er ein av dei som vi trur kan ha gode svar på det vi spør om.

Eg håper derfor at du vil ta det tid til å svare på denne undersøkinga. Det vil vere til god hjelp for oss i arbeidet vårt med næringsplanen for Fjord kommune.

Med vennleg helsing Eva Hove, ordførar»

 

For å svare på spørjeundersøkinga, klikk her.

Svarfrist: 15.desember 2020