Cowork

Næringshagen i Valldal

Næringshagen i Valldal

Næringshagen Fjordhagen ligg i Valldal sentrum, og er eit spennande kontormiljø og arbeidsfellesskap med sju bedrifter. Her er fleire arbeidsstasjonar i ope kontorlandskap. Desse kan leigast i kortare eller lengre periodar. Du kan velje mellom drop-in, fleksibel plass eller fast plass.

Fleksibel plass er for dei som ønsker kontorplass eit par dagar i veka, fast plass er for dei som ønsker å nytte kontoret på fulltid. I tillegg er her to møterom som er fullt utstyrt med moderne videokonferanseutstyr. Hurtigladar for elbil finn du rett over gata hos Kulå bowling.

Næringsutviklingselskapet Fjordhagen har kontora sine her, og har tett kobling til prosjektet Vekst i Fjord, hoppid.no-nettverket i Møre og Romsdal og SIVA næringshageprogram. Dette er med å gje auka verdi til cowork-konseptet.

Drop-in og fleksibel plass

Drop-in og fleksibel plass kostar 150 kr per dag, og kan nyttast inntil 10 dagar per månad. Wifi-tilgang, kontormøblement og tilgang til møterom er inkludert. Mulegheit for tilkopling og bruk av felles printer/kopimaskin/skannar og lamineringsmaskin mot betaling. For bestilling, send epost til terese@fjordhagen.com

Kontor på næringshagen
Møterom på næringshagen

Leige av møterom

Vi har to møterom til utleige, og begge er fullt utstyrt med wifi og moderne videokonferanseutstyr med touch-skjerm. Møterom Fjorden har plass til 10 personar og møterom Grandane har plass til 18 personar. Leigepris kr 300 for halv dag eller kveld og kr 500 for heil dag. For bestilling, send epost til terese@fjordhagen.com

Fast plass

Fast plass er for dei som skal nytte kontorplassen meir enn 10 dagar per månad. For informasjon om leigeprisar og bestilling av fast kontorplass, ta kontakt med Kjell Arne Valdal i Fjord kommune på epost kjell.arne.valdal@fjord.kommune

Relaterte artiklar