Etablert næringsliv

Alle bedrifter vert utfordra på å tenke nytt, enten ein skal inn i nye marknadar eller skal jobbe med eksisterande kundar. Mange bedrifter opplever at det er utfordrande å tenkje nyskaping og utvikling midt oppi det ein held på med i dagleg drift. Dette vil for mange bedrifter vere hemmande for vekst, og for å vere rusta for framtida.

Som ein del av Fjord kommune si strategiske satsing på vekst og utvikling i eksisterande bedrifter, tilbyr Fjordhagen AS

  • Rådgjeving og nettverksmøte for etablerte bedrifter i Fjord kommune.
  • Fjordhagen AS har tilgang til verdifulle nettverk og samarbeidspartnarar som kan hjelpe bedrifter å realisere vekst og utvikling.
  • Vi kan hjelpe etablerte bedrifter med søknadsprosessar til Innovasjon Norge, forsking- og utviklingsmidlar og anna.
  • Tilby miljøfyrtårnkonsulent som kan hjelpe bedrifta på vegen til å bli sertifisert Miljøfyrtårnbedrift.
  • Vi kan også hjelpe nettverksorganisasjonar med organisasjonsutvikling i oppstartsfase, her har vi erfaringar frå arbeid med Hanen Møre og Romsdal og Inn på tunet Møre og Romsdal.

Rådgjevingsmøte

Ta kontakt med oss dersom du ynskjer å avtale eit rådgjevingsmøte eller deltaking i Fjordhagen næringsforum.

Fjord Næringsforum

Fjord næringsforum er eit samarbeidsforum for bedrifter på Indre Sunnmøre. Meir informasjon om næringsforumet på eigne sider Fjord Næringsforum.

Relaterte artiklar