Dette er eit samarbeids- og interesseforum for bedrifter, og vert drifta av Fjordhagen AS.
I næringsforumet samarbeider medlemsbedriftene om utviklingsoppgåver, samfunnsbygging, diskuterer tema som medlemmane ynskjer å ta opp og det blir arrangert kurs og konferansar av ulik karakter. I tillegg blir det gjennomført uformelle samlingar som «Næringspub» og julebord for å bli betre kjent med kvarandre. Fjordhagen AS sender også ut månadlege nyheitsbrev med aktuell informasjon.
Medlemsbedrifter i forumet får:
· Faste samlingar pr. år som gjev fagleg innhald og sterkare nettverk
· Tilbod om kurs, ofte gratis og inkludert lunsj
· Årleg halvdagskonferanse «Fjord Business»
· www.Opplevfjord.no. Alle bedrifter får eigen presentasjon med logo/bilde ved ønske
· Synlegheit på 14 elektroniske infoskjermar rundt om i kommunen, med fri annonsering for næringsforumsbedrifter sine tenester, produkt og arrangement
Det kostar 3500 kr + mva per år å vere medlem i Fjordhagen næringsforum.
Nye medlemmar betalar berre kr 1000,- første året!
Per i dag er det 69 bedrifter frå Valldal, Tafjord, Stordal, Norddal og Eidsdal, men vi har også medlemmar i Geiranger og Liabygda. Vi ynskjer oss svært gjerne nye medlemsbedrifter!
Har de spørsmål, eller ynskjer å melde dykk inn, ta kontakt med:
Fjordhagen AS
v/dagleg leiar
Gro Marita Stennes Valdal
Tlf 96900904