

Starte bedrift. Del 1
15. mai 2017 kl. 10:00 - 15:00
| 200krDeltakarane får innsikt i kva som krevjast for å etablere bedrift, både personleg og formelt. Korleis går du fram og kven kan hjelpe i etableringsprosessen? Basert på moderne entreprenørskap og “lean” tankegang, får du arbeide med å utvikle forretningsideane dine, og du lærer korleis du enklast mogleg kan teste desse ut på potensielle kundar. Du får enkle verkty for å utvikle eigen forretningsidé, og for korleis du kan gå fram for å med finne ut kven som skal bli dine første kundar og korleis du skal marknadsføre, selje og ta betalt (forretningsmodell). Du får også innspel til korleis du kan lage ein ”lean forretningsplan”.
Kva metode brukar vi?
Kursert er basert på ein lean forretningsutviklingsmetode kalla ”Lean Business”. Den bygger på at du tar utgangspunkt i eigne ressursar, utviklar forretningsidé og forretningsmodell i samspel med moglege kundar, og at du deretter set deg mål og definerer aktivitetar for gjennomføringa. På denne måten kan du skaffe deg ei økonomisk oversikt som hjelper deg med avklaring, og til styring av prosjektet ditt. Deltakarane får boka Lean Business Planning og tilgang til eit online verktøy.