![Laster Arrangement](https://fjordhagen.com/wp-content/plugins/the-events-calendar/src/resources/images/tribe-loading.gif)
![](https://fjordhagen.com/wp-content/uploads/2018/07/Agurkspire-henta-frå-Flickr-sakura.jpg)
Næringsutviklingskonferanse for nye Fjord kommune
28. august 2018 kl. 17:00 - 21:00
| GratisFjord kommune skal ha ei tydeleg satsing på næringsutvikling. I arbeidet med å meisle ut ein god næringslivspolitikk, ynskjer ein å involvere både næringsliv, innbyggjarar og lokalpolitikarar. Derfor vert næringsdrivande og næringsorganisasjonar i Norddal og Stordal inviterte til næringslivskonferanse for nye Fjord kommune i Grendasalen i Stordalshallen tysdag 28.august kl 17-21.
I løpet av konferansen ynskjer ein å få svar på «Kva er dei fem viktigaste føresetnadane for å lykkast med ei positiv næringsutvikling i Fjord kommune?
Fem innleiarar vil gje sine synspunkt på dette, og det vil bli god tid for bedriftene til å kome med sine innspel i arbeidsøkta etter innlegga. Til slutt vil det også bli ei arbeidsøkt med fokus på korleis det vidare arbeidet med næringsutvikling i Fjord kommune bør leggjast opp.