Medan det på den andre sidan av fjella myldrar av turistar og ubeskjedne cruiseskip, finn «Norske padleperler» og programleder Ervin Meija roa i den relativt ueksponerte padleperla Tafjorden, som er ein arm av Norddalsfjorden og Storfjorden i Møre og Romsdal. Tafjorden er 8 kilometer lang og ligg på UNESCO si verdsarv-liste. Her møter han Erlend K. Ringstad frå Valldal naturopplevingar som viser padlemoglegheitene med Tafjord og Valldal som utgangspunkt.