
Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Korleis utvikle lønsame opplevingar?
13. februar 2018
| GratisKorleis utviklar vi lønsame opplevingar ? Dette kan vi få innsikt i 13. februar 2018 når prosjektet «Reiseliv, mat og kultur i Møre og Romsdal» inviterer til fagleg samling med nettopp dette som tema. Prosjektet ønskjer å kople aktørar innan reiseliv, mat og kultur for slik å bidra til auka lønsemd hos aktørane i desse næringane.
Nokon har lukkast med dette og vi har henta nokre av dei beste for å lære av desse. Ikkje alle brikker er på plass enda, men vi nemner :
- Sol over Gudhjem – Bornholm». Mads og Mikkel Marschall fortel hemmelegheita bak denne suksesshistoria som bl.a. omfattar direktesendt kokkekonkurranse samt lønsam posisjonering av Bornholm som reiselivsdestinasjon gjennom å kople mat- og reiselivsaktørar.
- Røros og Rørosmat, Hilde Bergebakken fortel om korleis ein har lukkast med merkevaren Rørosmat og koplingar mellom reiseliv, mat og kultur.
- «Reiseliv, mat og kultur i Møre og Romsdal» v/ Ragnar Heggdal, leiar for Styringsgruppa i prosjektet
- Konferansier, Odd Roar Lange, The Travel Inspector, anerkjend reiselivsjournalist og bloggar
Lunsjen vil bli ei oppleving i seg sjølv utelukkande basert på råvarer frå Møre og Romsdal.
Samlinga blir på Quality Hotel Alexandra i Molde.
Fleire detaljar kjem, men inntil vidare – hald av datoen !