![Laster Arrangement](https://fjordhagen.com/wp-content/plugins/the-events-calendar/src/resources/images/tribe-loading.gif)
![](https://fjordhagen.com/wp-content/uploads/2018/05/burtom-s.jpg)
Velkomen til inspirasjonskveld for Valldalsleia
22. mai 2018 kl. 18:00 - 21:00
| GratisNorddal kommune har fått midlar til eit forprosjekt for utvikling og verdiskaping langs Valldalsleia, pilegrimsleia frå Valldal til Dovre. Denne kvelden kan du få meir kunnskap om kva pilegrimsleia er – for kven – og korleis den kan utviklast.
Program for kvelden:
Kl 1800 Velkomen v/ordførar og konferansier for kvelden, Arne Sandnes
Kl 1815 Valldalsleia – verdiar og mulegheiter v/Nils Øveraas, generalsekretær i Den Norske Turistforening
Kl 1845 Pilegrimen i dag og Olav som helgen for fleire religionar v/Ingeborg Midttømme, biskop i Møre og Romsdal bispedømme
Kl 1915 Jordbærstova serverer pilegrimsknoke med ovnsbakte rotgrønsaker og heimelaga potetmos av Valldalspotet. Det blir jordbærkake til dessert.
Kl 2000 Myteknusing om Heilag Olav v/Morten Gravdal, sokneprest i Norddal
Kl 2015 Presentasjon av Valldalsleia v/Hans-Jacob Dahl frå Pilegrimssenter Dovrefjell og representant for Nasjonalt Pilegrimssenter i Trondheim.
Kl 2100 Vel heim!