Khaya Barista Bar  er på jakt etter ein ivrig og engasjert ferievikar til sommaren!
Arbeidsoppgåver:
– Produsere kaker/dessertar og mat
– Betjene kasse, ta bestillingar og servere gjestar
– Rydde, halde orden, reingjere
– Med andre ord; rett og slett ta del i den daglege drifta

Om deg:
– Pliktoppfyllande, utadvendt, oppmerksom og serviceinnstilt
– Lærevillig, fokusert og kreativ
– Får ikkje hetta av å jobbe i høgt tempo
– Glad i å smile og vere i kontakt med menneske
– Må kunne jobbe i fellesferieperioden (4.-26. juli)
Vi tilbyr:
– Jobb i ei stolt bedrift i vekst med mykje kunnskap og høge ambisjonar
– Eit hektisk, men spanande, variert og lærerikt miljø
– Løn etter avtale med tillegg for kveld og helg
Arbeidet vi treng hjelp til er på dag- og ettermiddagstid (aldri seinare enn 20:00/21:00) i perioden
juni til august. Det er også moglegheiter for jobbing i helger både før og etter sesong.
Vi søker i all hovudsak ein person mellom 15 og 18 år, men oppfordrar også deg som er både eldre og
yngre til å søke om du synest dette høyrest spanande ut!
Send søknad med nokre ord om deg sjølv og kvifor du har lyst til å jobbe med oss til
post@khayabaristabar.no , så tar vi kontakt!
Ser fram til å høyre frå deg!
Kontaktperson Muzi, tlf 94055882