Etter ein lang og god prosess med planlegging og forankring så er det no klart for realisering av byggjetrinn 1 i tettstadutviklingsprosjektet for Valldal sentrum.
Fjord kommune har sett av 2 036 000 kr, og søknad er sendt til Møre og Romsdal fylkeskommune om same beløpet. For å få utløyst støttemidlane frå fylket må det samlast inn 1 864 000 kr frå private bidragsytarar/næringsliv/lag/organisasjonar. Heilt frå starten av prosjektet har både fylket og næringslivet vore representert i prosjektgruppa saman med kommunen og Fjordhagen AS. Fjord næringsforum har hatt to representantar i prosjektgruppa, og næringsforumet tek no ansvar for å samle inn støtte frå private bidragsytarar gjennom Fjordhagen AS som administrerer næringsforumet.
Dersom vi klarar å få på plass 1 864 000 kr innan 11.september 2020 vil tiltaka i byggjetrinn 1 vere realisert innan sommarsesongen 2021.
Sjå presentasjon av prosjektet her!
Vi håpar både innbyggjarar, bedrifter, besøkjande og lag/organisasjonar vil vere med å bidra i innsamlinga som skal gjere kommunesenteret Valldal sentrum meir attraktivt, innbydande og skape
• Auka trivsel og livskvalitet for innbyggjarar og tilreisande
• Betra tryggleik for gåande
• Auka bruk av sentrum
• Auka omsetning for verksemder både i sentrum og resten av området rundt
Vil du bidra?
Valfritt beløp kan betalast inn på konto nr 3910 69 68067 (eigen innsamlingskonto oppretta av Fjordhagen AS) eller Vippsast til Fjordhagen AS #111168. Merk innbetalinga «Gåve til tettstadutvikling Valldal sentrum»
Har du spørsmål om prosjektet er det berre å ta kontakt med Fjordhagen AS, så vil du få tilsendt informasjon.
Fjord næringsforum v/Fjordhagen AS. Tlf 928 05 659. Epost terese@fjordhagen.com
Det er oppretta ei eiga facebookgruppe «Innsamling tettstadutvikling Valldal sentrum» og meir informasjon om prosjektet finn de også på www.fjord.kommune.no