Stolte Anton AS har så vidt etablert seg i Eidsdal, og er i gang med produksjon av ei rekke gode lokalproduserte matprodukt. Bak etableringa står mellom anna Margreta Veiberg og Per Ove Nydal.
Førstkomande søndag 21.oktober kl 16-18 inviterer dei bygdefolk til ettermiddagskaffi for å bli kjent med Stolte Anton og produkta deira. Stolte Anton er også med i bedriftsnettverket ViEN mat, og dei andre bedriftene i matnettverket vil også vere med på arrangementet. Gå gjerne inn på Facebook-sida Stolte ANTON As og følg med i utviklinga av denne spennande bedrifta!
Med etableringa av Stolte Anton har «Den Glade Ku» sine frukt- og bærprodukt flytta frå Tingvoll på Nordmøre til Eidsdal på Sunnmøre. Stolte Anton AS vil produsere solbærmarmeladene, geleane og plommene på same måte og etter same oppskrift som tidlegare. Etter ei tid med samarbeid er begge partar no trygge på at den opphavlege smaken vil halde fram i dei gode produkta. Frukt og bær frå Eidsdal og nabobygdene vi hovudsakleg vere ingrediensane. I tillegg lagar Stolte Anton produkt etter eigne oppskrifter av bær, plommer, raudbetar og anna. Chutney av plomme og raudbetar er eit nytt og spennande produkt som passar perfekt til kjøt- og middagsretter, i tillegg er det ein klassikar til mange typar ostar. Om ikkje lenge kan produkta kjøpast i ulike utsal, i tillegg til heime hos Margreta Veiberg og Per Ove Nydal i Eidsdal.
I Stolte Anton sine produkt får du oppleve den gode smaken av frukt og bær! Anton Nydal var ein engasjert og dyktig gardbrukar i Poldgarden i Eidsdal på 1920-talet og framover mot 70-talet. Han var ein svært dyktig bonde, og bær, frukt og grønskproduksjon var hovedinntektkjelda. Etter hans tid gjekk det gradvis nedover med gardsdrifta, og frukthagen har ikkje vore stelt på ein generasjon. Mange av trea har gått ut, men nokre står framleis og gjev avling.