Dette er eit samarbeids- og interesseforum for bedrifter, og vert drifta av Fjordhagen AS.

 

I næringsforumet samarbeider medlemsbedriftene om utviklingsoppgåver, samfunnsbygging, diskuterer tema som medlemmane ynskjer å ta opp og det blir arrangert kurs og konferansar av ulik karakter.  I tillegg blir det gjennomført uformelle samlingar som «Næringspub» og julebord for å bli betre kjent med kvarandre. Fjordhagen AS sender også ut månadlege nyheitsbrev med aktuell informasjon.

 

Medlemsbedrifter i forumet får:

·       Faste samlingar pr. år som gjev fagleg innhald og sterkare nettverk

·       Tilbod om kurs, ofte gratis og inkludert lunsj

·       Årleg halvdagskonferanse «Fjord Business»

·       www.Opplevfjord.no. Alle bedrifter får eigen presentasjon med logo/bilde ved ønske

·       Synlegheit på 14 elektroniske infoskjermar rundt om i kommunen, med fri annonsering for næringsforumsbedrifter sine tenester, produkt og arrangement

 

Det kostar 3500 kr + mva per år å vere medlem i Fjordhagen næringsforum.

Nye medlemmar betalar berre kr 1000,- første året!

 

Per i dag er det 69 bedrifter frå Valldal, Tafjord, Stordal, Norddal og Eidsdal, men vi har også medlemmar i Geiranger og Liabygda. Vi ynskjer oss svært gjerne nye medlemsbedrifter!

 

Har de spørsmål, eller ynskjer å melde dykk inn, ta kontakt med:

 

Fjordhagen AS

v/dagleg leiar

 

Gro Marita Stennes Valdal

Tlf 96900904

gromarita@fjordhagen.com