Prosjektkoordinator for Nasjonaljubileum «Valldal 2029»
Prosjektstilling 40%

Arbeidsgjevar: Fjordhagen AS

Søknadsfrist: Snarast

 

Er du ein motivert og erfaren prosjektkoordinator som ønsker å delta i planlegging av ei historisk hending? Fjordhagen AS søker ein dyktig prosjektkoordinator til planlegging av Nasjonaljubileum i 2029. Dette er eit unikt høve til å spele ei sentral rolle i feiringa av 1000-års markeringa for Norge. Med utgangspunkt i historia er tema i jubileumsstafetten 2029 «Olav i folketradisjon». Det opnar for mange spørsmål med relevans for fortid, notid og framtid. Korleis brukar menneske forteljingar for å forstå og organisere verda? Kva samfunnsrolle spelar tradisjonar? Kva ligg i spennet mellom folketru og organisert religion?
Fjordhagen AS har fått prosjektoppdraget på vegne av Fjord kommune, og stillinga er førebels eit 40% prosjektengasjement med høve til forlenging og utviding av stillingsprosent fram til 2029.

Fjordhagen AS er et utviklingsselskap som hjelper med oppstart og videreutvikling av bedrifter. Vi tar også på oss nærings- og samfunnsutviklingsprosjekter. Vi er hoppid.no-kontor for Fjord kommune, og node under Nordveggen AS i SIVA sitt næringshageprogram. Fjordhagen AS drifter også Fjord næringsforum, et samarbeidsforum for nettverksbygging og utviklingsoppgaver for bedrifter på Indre Sunnmøre. Vi har kontor i næringshagen i Valldal.

 

Om stillinga

Som prosjektkoordinator vil du få oppgåver som planlegging, koordinering og gjennomføring av aktivitetar, nettverksbygging, søknadsskriving, samarbeid med eksterne aktørar, lokale organisasjonar og frivillige. Du vil inngå i team med prosjektleiar  og saman skal vi levere og rapportere til styringsgruppa og prosjekteigarar.

 

Arbeidsoppgåver

  • Bygge og vedlikehalde samarbeid og nettverk med lokale aktørar, sponsorar, kulturorganisasjonar, myndigheiter og frivillige
  • Produsere og levere innhald i samsvar med handlingsplanar og strategiar
  • Arrangere møteplassar og konferansar
  • Utarbeide søknadar og budsjett
  • Identifisere moglegheiter for berekraftige løysingar og innovative tilnærmingar for feiringa
  • Andre oppgåver som fell naturleg til stillinga

 

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan kultur eller administrasjon, men relevant yrkeserfaring og realkompetanse kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Erfaring frå prosjektleiing, gjerne innanfor kulturfeltet, jubileum eller større arrangement
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, organisert og med fleire oppgåver samtidig
  • Sterk kommunikasjonsevne, både munnleg og skriftleg, på (ny)norsk og engelsk

 

Personlege eigenskapar

  • Proaktiv, løysingsorientert, og med stor gjennomføringsevne
  • Kreativ og initiativrik, med evne til å tenke utanfor boksen
  • God lagspelar med godt humør
  • Engasjert i tema og ivrig etter å skape eit flott nasjonaljubileum

 

Vi tilbyr

  • Ei spanande og utfordrande rolle i eit viktig nasjonalt prosjekt
  • Høve til å jobbe med eit dedikert og engasjert team
  • Fleksibel arbeidstid
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med stort fokus på samarbeid og utvikling
  • Løn etter avtale

 

Send en søknad med CV til gromarita@fjordhagen.com snarast. Aktuelle kandidatar blir fortløpande kalla inn til intervju, og personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Spørsmål om stillinga kan rettast til Fjordhagen ved Gro Marita.

Velkomen som søkar til ei spanande rolle i eit historisk prosjekt! Vi ser frem til å høyre frå deg.