Grøn fjord Konferansen 2018

Laster Arrangement
  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

8.-9.februar 2018 går Grøn fjord Konferansen 2018 av stabelen. Årets tema er: «Verdsarvfjordane – våre grøne fyrtårn?» Vi skal utvikle verdsarvfjordane til GRØNE FYRTÅRN i norsk forvaltning. Kan vi snu blårøyk, eksos, trafikkaos og fråflytting – til grøne, reine og idylliske fjordsamfunn i vekst? Har vi gode nok verktøy for å nå visjonen om «sporlaus ferdsel»? Er næringslivet klar for den grøne omstillinga?

Konferansen startar med ei sjøreise frå Ålesund og inn den majestetiske Geirangerfjorden med MS Vision of the fjords, og sjekkar inn på den heilårsopne hjørnesteinsbedrifta Hotel Union Geiranger. Bli med på denne historiske turen, denne konferansen vil du rett og slett ikkje gå glipp av!  Det vil bli sett opp buss frå Geiranger til Ålesund med mogelegheit for påstigning undervegs, slik at alle kan delta på båtreisa som startar i Ålesund. 

Konferanseprogram finn du her.

Kjøp av konferansepakkar/påmelding skjer her:

https://tikkio.com/tickets/4444-gron-fjord-konferansen

Følg Grøn fjord 2020 på Facebook.

Foto: Sverre Hjørnevik