Vår noverande dagleg leiar skal over i ny jobb som ordførar i Fjord kommune, og vi søkjer derfor etter ny dagleg leiar.
Fjordhagen AS er eit utviklingsselskap som hjelper med oppstart og vidareutvikling av bedrifter. Vi tek også på oss nærings- og samfunnsutviklingsprosjekt. Vi er hoppid.no-kontor for Fjord kommune, og node under Nordveggen AS i SIVA sitt næringshageprogram. Fjordhagen AS driftar også Fjord næringsforum, eit samarbeidsforum for nettverksbygging og utviklingsoppgåver for bedrifter på Indre Sunnmøre. Vi har kontor i næringshagen i Valldal.
Vi søkjer deg som er engasjert i næring- og samfunnsutvikling, og har eit ekstra stort hjarte for utvikling i Fjord kommune. Du må ha evne til å samarbeide med alle rundt oss, både lokalt og regionalt. Du må også skape tillit både offentleg og hos næringslivet, og ville jobbe for positiv utvikling i vår region og at alle lukkast. Det er ein stor fordel om du har eit godt lokalt nettverk, då det er heilt avgjerande for å kunne gjere ein best mogleg jobb.
Sentrale arbeidsoppgåver
- Vere pådrivar for regional næringsutvikling og auka verdiskaping i bedriftene
- Arbeide for å utvikle eit berekraftig næringsliv som skaper lokale heilårs arbeidsplassar, lokal busetting og lokal samfunnsutvikling.
- Jobbe tett saman med bedrifter, kommunar og relevante regionale aktørar
- Leie og utvikle våre to tilsette
- Vere ein tydeleg leiar som set preg på Fjordhagen sitt omdømme
- Kontinuerlig bygge relevant nettverk lokalt, regionalt og nasjonalt
Ønska kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning
- Beherske norsk flytande, munnleg og skriftleg
- Ha førarkort og disponere bil
- Erfaring med prosjektleiing og forretningsutvikling
- Kunne skape engasjement og vere oppglødd
For å trivast i denne rolla må du like å skape relasjonar på kryss og tvers, og like samarbeid. Du må også vere løysingsorientert og kunne sjå moglegheiter der andre ser problem.
Vi tilbyr
- Eit fagleg sterkt miljø der innovasjon og omstilling er sentralt
- Ei synleg og viktig rolle i Fjord og på Indre Sunnmøre med eit stort utviklingspotensiale
- Eit stort og relevant nettverk
- Moglegheita til å vere med å skape næringsliv for framtida
Type stilling: 100% fast stilling frå 01. januar 2024 eller etter avtale
Søknadsfrist 01. oktober 2023
Søknad på epost til: post@fjordhagen.com
Ta kontakt med dagleg leiar Terese Jemtegård Moen for å få meir informasjon, mobil 92805659 og epost terese@fjordhagen.com Vi gler oss til å høyre frå deg!