Ny rådgjevar

Ny rådgjevar

Per Gunnar Ødegaard er tilsett som ny rådgjevar ved Fjordhagen AS frå 26.august fram til nyttår. Han er tilsett i 60% stilling og ha ansvar for rådgjeving av oppstartsbedrifter og utvikling av eksisterande bedrifter. Per Gunnar har utdanning innanfor økonomi, psykologi og human resource management og ser fram til å bidra til lokal næringsutvikling.

Vår tidlegare rådgjevar Kirsti Indreeide har valt å satse vidare på utvikling av gard og camping på Veiberg i Eidsdal. Vi takkar Kirsti for den gode innsatsen og ynskjer henne lukke til vidare.

2019-09-16T10:59:12+00:00