Workshop for reiselivsbedrifter – Scenario Fjord Norge 2030
16. januar 2019 kl. 11:00 - 14:30
Fjord Norge AS har i samarbeid med dei fire fylkeskommunane på Vestlandet initiert prosjektet «Scenario Fjord Norge 2030». Prosjektet skal resultere i tre framtidsbilde – scenario – som skildrar ulike retningar for utviklinga av reiselivet på Vestlandet fram mot år 2030. Arbeidet med utviklinga av desse tre ulike scenaria skal utførast i tett samarbeid med næringa og Møre og Romsdal Fylkeskommune inviterer difor til workshop for å få innspel til korlies desse tre scenaria kan framstå. Reiselivsnæringa blir på eit seinare tidspunkt invitert til å velje det scenariet som reiselivsnæringa skal utvikle seg mot i år 2030, altså – kva retning ønsker vi at reiselivsnæringa på Vestlandet skal utvikle seg i, kva reiselivsnæring skal vi ha i 2030, korleis ønsker vi å framstå – kven er vi.
Vestlandsrådet har bevilga pengar til gjennomføring av prosjektet og det er Møre og Romsdal fylkeskommune som er prosjekteigar. Sjølve prosessen blir ledet av Menon Economics v/ Erik Jakobsen som fikk tilslag etter ein open anbodskonkurranse.
Det blir gjennomført 4 workshops, ein i kvart fylke. I Møre og Romsdal blir det arrangert workshop 16. januar 2019 i Molde på Scandic Hotel Alexandra (tidlegare Quality Hotel Alexandra).
På vegne av prosjektledelsen inviterer Møre og Romsdal fylkeskommune reiselivsnæringa i Møre og Romsdal til workshop i Scenario-utvikling. Sprei gjerne invitasjonen i dykkar nettverk då det er viktig med god forankring og engasjement hos næringsaktørane.
Møteplan :
Kl 11.00 Velkomen og formål med prosjektet og workshopen v oppdragsgjevar
Kl 11.10 Presentasjon av verdiskapingsanalyser og kunnskapsgrunnlag v/ Erik Jakobsen
Kl 11.50 Reiselivstrendar og utviklingstrekk. Kva drivkrefter må scenaria forholde seg til? Innleiing v/ Børre Berglund og påfølgjande diskusjon
Kl 12.50 Lunsjpause
Kl 13.20 Kva slags reiseliv ønsker vi? Utvikling av scenarier, kort innleiing og diskusjon v/ Børre Berglund og Erik Jakobsen
Kl 14.25 Oppsummering, vidare framdrift og avslutning v/ oppdragsgjevar
Dette er eit svært viktig prosjekt for reiselivsnæringa i Fjord Norge-regionen, kanskje det viktigaste prosjektet i 2019, då dette prosjektet vil vere med på å stake ut kursen for utvikling av reiselivsnæringa fram mot år 2030. Vi håpar derfor at de ønsker å vie litt av tida dykkar til å vere med på denne workshopen då dykkar innspel er viktig.
Påmeldingsfrist – onsdag 9. januar 2019 på e-post lillian.sether@mrfylke.no