Fjord Næringsforum

Bli medlem du også!

Fjord næringsforum vart oppretta i 2012 og er eit forum for bedrifter på Indre Sunnmøre der bedriftene samarbeider om nettverksbygging, kompetanseheving, marknadsføring og utvikling. Vi har 69 medlemsbedrifter pr desember 2024 frå bygdene i Fjord kommune, i tillegg til Liabygda og Geiranger. Medlemsbedriftene er frå alle bransjar. Forumet vert drifta av Fjordhagen AS som jobbar med dei aktivitetane som er bestemt i aktivitetsplanen etter innspel frå medlemsbedriftene.

For å vere med i Fjord næringsforum betalar bedriftene 3500 kr per år + mva.
Du får oppføring med tekst, bilde og link til eiga nettside hos Opplev Fjord, fri tilgang til å reklamere på infoskjermar, invitasjon til kurs og konferansar, nyheitsbrev og eit fagleg nettverk av ulike bedrifter.

For nye bedrifter som blir medlem i 2025 har vi spesialpris – kr 1 000,-  pr år pluss mva!

Medlemsbedrifter

Relaterte artiklar