Alle bedrifter er påverka av den spesielle situasjonen vi no er inne i. Ein måte å utvikle verksemda medan aktiviteten er redusert er gjennom kurs og kompetanseheving.

ÅKP arrangerer den komande tida mange relevante kurs for bedrifter på Nordvestlandet. Dette er eit samarbeid mellom ÅKP og Møre og Romsdal fylkeskommune for å auke kompetansen til næringslivet. Det er eit breitt spenn i det ÅKP tilbyr, tema er t.d. leiing, kommunikasjon, digitale ferdigheiter og marknadsføring. Vi anbefaler alle å undersøke om det kan vere kurs av interesse i kurskalender til ÅKP. Det er kort påmeldingsfrist på kursa, så her gjeld det å vere tidleg ute.

Klikk her for ÅKP sin kurskalender.

Ta kontakt med Fjordhagen eller ÅKP dersom du lurer på noko.