Kven 0g kvifor?
Målsettinga med prosjektet er å betre oppfølginga av langtidssjukemeldte medarbeidarar, og
dermed å betre livskvaliteten til alle tilsette i bedrifter i heile Fjord kommune. Vi er derfor interessert
i å kome i dialog med deg som er/har vore sjukemeld eller tenkjer at du står i fare for å bli sjukemeld.

Ta kontakt!
Terese Jemtegård Moen frå Fjordhagen AS er lokal prosjektkoordinator. Ønsker du å stille som
referanseperson, send epost til terese@hjelmeweb.no eller send ei tekstmelding på tlf 928 05 659
så vil Terese ta kontakt med deg.

Vi har eit mål om å få til gruppeintervju allereie måndag 16.mars, så gje gjerne rask tilbakemelding
slik at vi får planlagt dette best mogleg.

Bidra til kva?
Fjord kommune er med i prosjektet HelseSamArbeid saman med Nasjonal kompetanseteneste for
arbeidsretta rehabilitering, Universitetet i Sør-Øst Norge og to andre kommunar (Vinje og Bamble).

Korleis?
Dersom vi skal gjere sjukefråversforløpet betre, må vi spørje dei det gjeld. Vi ønsker difor å avtale ei
samtale med deg for å få vite om dine erfaringar og behov, slik at vi kan utvikle nye
samarbeidsformer som styrkar arbeidsdeltaking for sjukemelde med fare for langtidsfråver.
Denne invitasjonen går ut til alle tilsette i alle bedrifter som vi har vore i kontakt med i prosjektet.
Vi håpar du vil delta i ei samtale om dine erfaringar i ei gruppe med andre som har vore sjukemeld,
eller i ei individuell samtale dersom du heller vil det. I gruppesamtala vil det vere til stade ein
representant for prosjektet som styrer samtalen, og det vil også vere ein representant frå NAV
arbeidslivssenter og ein forskar til stade.
Samtala og det som blir notert av oss i møtet vil bli lagra og tatt vare på utan tilgang for andre. Vi
garanterer at opplysningane vil bli behandla konfidensielt, og at dei blir anonymisert i vidare bruk i
prosjektet. Det vil ikkje bli diskutert årsaker til sjukefråver eller andre personlege helseproblem.

Tema vi ynskjer å snakke om

1. Eige ansvar for eigen prosess
2. Arbeidsgjevar og arbeidsplassen si rolle
3. Kontakt med lege
4. Tilgjengelegheit og relasjon til NAV
5. Skreddarsydd oppfølging
6. Oppfølgingsplan og samordning