Fjord næringsforum arrangerer det siste næringsforumsmøtet for dette året med omvisning og julelunsj på visningsflåten til Hofseth onsdag 14.desember kl 11-14.

Medlemsbedrifter i næringsforumet er invitert, men vi opnar også opp for invitasjon av nye medlemsbedrifter. Kunne de tenkje dykk å melde bedrifta dykkar inn i næringsforumet i 2023 er de hjarteleg velkomne til å vere med på dette arrangementet.

Medlemskap i Fjord næringsforum kostar 3500 kr + mva per bedrift per år. Fjord næringsforum er eit forum for bedrifter på Indre Sunnmøre der bedriftene samarbeider om nettverksbygging, kompetanseheving, marknadsføring og utvikling. Forumet vert drifta av Fjordhagen som jobbar med dei aktivitetane som er bestemt i aktivitetsplanen etter innspel frå medlemsbedriftene.

Av dei oppgåvene vi jobbar mest med i næringsforumet akkurat no er utvikling av portalen www.opplevfjord.no saman med Fjord kommune. Her får bedrifter som er medlem i næringsforumet større synlegheit enn dei som ikkje er med, mellom anna gjennom artiklar som vi produserer og deler i sosiale media.

Vi har også fått innspel om å forme ei satsing for å få til fleire bustadar, både heilårsbustadar og bustadar for sesongarbeidarar, og arbeider med å forme dette saman med dei bedriftene som er interesserte i å vere med.

Høyres dette interessant ut? Her kan du lese meir om næringsforumet: https://fjordhagen.com/fjord-naeringsforum/ Lurar du på noko meir, ta kontakt med Terese Jemtegård Moen på tlf 92805659 eller epost terese

Påmelding til omvisning og julelunsj 14.12. og innmelding av bedrift i næringsforumet 2023 sendast på epost til terese@fjordhagen.com innan måndag 12.desember.