Fjord kommune har sidan januar 2019 delteke i eit innovasjonsprosjekt kalla HelseSamArbeid, saman med forskarar ved Nasjonal Kompetanseteneste for Arbeidsretta Rehabilitering (NKARR) og kommunane Vinje og Bamble. Målet er å få ned sjukefråveret i heile kommunen gjennom tettare og tidlegare samhandling mellom medarbeidar, arbeidsgjevar, lege/behandlar og NAV. Lokal prosjektkoordinator er Terese Jemtegård Moen, dagleg leiar for Fjordhagen AS, som mange i Fjord kommune er godt kjent med.

I samband med prosjektet kjem Anette Alwander frå NAV Arbeidslivssenter til å vere til stade på Fjordhagen AS sitt kontor i næringshagen i Valldal kvar torsdag fram til jul. Bedrifter som ønsker råd og vegleiing om arbeidsmiljø og sjukefråver er velkomne til å vende seg direkte til Anette. NAV Arbeidslivssenter arbeider saman med leiarar, tillitsvalde og verneombod i bedrifter med høgt sjukefråver og problemstillingar rundt arbeidsmiljø. Tilbodet er gratis og gjeld alle bedrifter i Fjord kommune som ønsker å jobbe med måla i IA-avtalen.